For ei oppvekst

For ei oppvekst

 

 

Eg var så heldig at eg hadde verdens beste besteforeldre! Vaks opp på 50/60 talet med ein far som var sjømann og ei mor som var i full jobb. Og då var det ofte Mormor og Morfar og Farmor og Farfar som tok seg av knøttet.

 

Alle var inderlege Vestlandske Indremisjons-folk men ingen av dei var plaga av den hyperpietistiske dommedagstrua som ofte prega dei andre på Bedehuset Salem. Mormor hadde eit lyst og godt humør (men jammen kunne ho tenna òg!) og Morfar kunne til dømes komma med ein kommentar som: "Ditta va` så godt at da må sikkert vara synd!" Farmor var mest oppteken av "Hvite Bånd". Dameforeningane var i full vigør då eg vaks opp! Farfar var skytebas i kalkgruva "Sønken" og kunne alt om sprengstoff. Så det var han som lærde oss gutlarvane korleis me skulle handsama det etter at me hadde stòle fenghetter og dynamitt. Sånn at me ikkje skulle skyta fingrane av oss... Det skulle vore i dag!

Dessutan var dei lettrørde. Mormor fekk ei tåre i augnekroken når eg fann på nåke pokkerskap eller var stor i kjeften eller når eg kom heim med eit eller anna eg hadde laga på skulen. Det gjorde Morfar òg og dessutan grein han når han høyrde "Ja, vi elsker". Nå, etter å ha kome til skjels år og alder må eg vera ærleg å sei at det gjer eg òg... Så eg lærde at nasjonalsongen skulle syngjast med skjelvestemme. Farfar grein mest når han leste sportsresultata i Haugesunds Avis. Farmor var så lett i humøret at eg kan faktisk ikkje huska at ho grein i det heile. Der var alltid fliren og eit eller anna spikk på gong!

Morfar var - ja kva var han ikkje...? Han hadde vore i "Junaiten" eit par periodar i yngre alder og kom siste gongen heim att med nok penger til å kjøpa seg den engelske makrelldrivaren "Girl Lilian". Dette hadde han drøymd om alle dei lange åra "over there". Segla vart tekne ned frå båten og det vart montert ein 40 HK Rubb (Wichman) motor. Denne gjekk han i fraktfart med på kysten til han var langt opp i åra.

Morfar kvitta seg med "Ringholm" så tidleg at det er bare så vidt eg huska båten, Men eg huska lyden frå motoren! Me visste alltid at det var han som kom inn Havnahålet, for "Rindaskjær" sa "dunk, dunk" og "Drott" sa "blam, blam" frå eksosrøyret. Ikkje veit eg kva som gjorde det, men "Ringholm", reg. nr. H-74-M, sa "dokke, dokke, dokk"... Kanskje det var noko med sjølve røyret? Det var i alle høve Bessen sin signatur. Og folk eg har snakka med fortalde meg seinare at når dei høyrde den lyden så var det "Joha`en" som kom.Mor kan dessutan bekrefta dette for ho var liten når Morfar kjøpte "Ringholm" og fortel at dei herma etter henne at ho sa det var Pappa som kom. "Neidå," sa Mormor, "Da e` Tysnes!" (rutebåten heime i den tida). "Da e` `kje "Tyssen"," sa Mor. "Da e`"Linghom", for han seie "dokke, dokke, dokk!"

Og Morfar var ein "råtass" av den gamle sorten. Kanskje det ikkje var utan grunn dei kalla han "Fanden i Nordsjøen"? Det heiter seg på folkemunne at han gjekk ut og fiska når Redningsskøyta gjekk inn... Han var fødd i 1887 og var altså 70 år då han selde "Ringholm". Men, saltvatnet i blodet var slik det var, så han reiste til Kristiansund og kjøpte MK "Breitus" (seinare "Jotor") og begynte i fiskerioppsynet. Med sesongar på Lofoten fram til han var 76 år gammal! Kom ikkje her og sei at han ikkje var tøff nok! Han tok mellom anna "Breitus" heim frå Kristiansund til Mosterhamn heilt aleine. Det er 3 døgn, dèt! Han selde "Jotor" når han var 77 år og kjøpte seg rett etter ei lita skøyte som han dreiv "husfiske" med. Denne kalla han sjølsagt "Hildur" etter einaste dottera - mi Mor. Og det er her dei viktigaste minnene mine frå Morfar byrjar.

Mormor var litt "fisefin". For det fyrste hadde ho vakse opp i ein"fin" familie - handelsmann og jordeigar Mads Gabrielsen var fosterfar hennar. Han dreiv det stort like til ein anna handelsmann tok "rotta" på han og slo han konkurs. Dette vart aldri gløymd av Mormor! Men ho kom seg ovanpå att og var den fyrste som dreiv Rikstelefonen i Mosterhamn. Så ho var tilsett i Staten, Den Norske, må veta! Og så var ho eit matmenneske av dimensjonar! Det ho ikkje kunne om mat er ikkje verd å veta! Kong Haakon 7 hadde ein del sommarstader og "hytter" spreidd rundt i Norge og på desse vart det tilkalla personale når han skulle vera der. Mormor var ei av kokkane. Så gjett om ho kunne mat! Og ho var ikkje redd for å læra det frå seg. Fyrste gongen eg kan hugsa eg var med henne på kjøkenet for alvòr var eg nok rundt 6 år. Og då var det julepålegget det dreia seg om. Så eg treng ikkje lura på kor matintressa mi kjem frå. Mormor måtte hoppa over ein generasjon for Mor var ikkje noko "matoman". Ho var rektig nok ein racer på omelett og fiskegrateng og ein del kaker, men..... Men, du gode Mor mi, beste "kvinnfolket" i verda: Eg gløymer aldri maten du laga og kjærleiken du la i han!

Farmor sin spesialitet var "melkekaker". Ei utgåve av pannekaker med lite egg. Jada, dåke skal få oppskriftene. Farfar sitt einaste begrep om mat var at den skulle etast. (Når han ikkje fekk han i trynet då - kjem tilbake til det seinare.) Og Morfar sitt var at han skulle fiskas. Og dermed skiftar me litt på emna.

Sjå for deg ein gammal mann og ein liten gut som går ned "Hønsabrekkå" mot sjøen. Den gamle trillar ei trillebåra av den gamle sorten - trebåre med trehjul med jarnbeslag og den vesle får lov å halda i eine handtaket og trur det er han som køyrer. Begge er kledd i gode, varme klede med heimestrikka - og tova - ullvottar og regntøy ("sjøhyre" heiter det!). Klokka er 5 - halv 6 om morgonen og garna skal trekkjas. Den gamle har med seg niste med grovskive med gamalost og ein termos med kaffi. Den vesle har med grovskive med gamalost og ein liten termos med melk. Maten pakka i gammaldags matpapir. Ikkje eit ord vert sagt på veg mot sjøen - det trengs ikkje. Om bord i båten vert motoren fyrd opp med gammaldags blåselampe og sveiva i gang av den eldste. Litlekaren får stå og halda i rattet mens Bessen tek inn fortøyningar og gjer klart elles. Så er det inn med koblinga, regulatoren på passe fart og tafla seg ut "Havnahålet". "Stå innte` eksosrøyre`, du, så fryse du ikkje!" seier den eldste. Og gutlarven tokkar seg inntil eit godt, varmt eksosrøyr pakka i asbest. Utføre Fyren vert kursen sett mot Stora Breivikjå. Der står eit par garn. Og dei kjem ikkje tomme opp. Mest raudtorsk og småsei (pala) men og litt sild osb. i det eine. Og krabbe sjølsagt. Så over til eit djupnegarn og 8-10 liner på Valebråtet. Her går det mest på rødfisk (uer), lange og hyse. Så er det å renska og "greia" garna før ein tuslar seg heimatt med eit par dorger ute. Det kjem jo an på kva årstid det er men her er det både sei og makrell å hala. Heile fangsten vert sortert og samla i gamle trekassar merka med "Sildesalgslaget". Gamlingen har ein eller annan spesiell sans når det gjeld Bømlafjorden og fisk og ein gong seier han: "Her må me ordna oss litt!" Så stansar han båten så me vert liggjande i ro, set makrell som agn på ei dorg, tyngre søkkje og sender henne heilt til botnars på Valebråtet på 3-4-500 meters djup. Så, eit kvarters tid etter dreg han roleg opp. "Her må me bruka kjeringjå!" seier han og tenkjer på opptrekkshjulet på den vesle vinsjen ombord. Vinsjen vert kopla inn, snøret eit par gonger rundt og sakte men sikkert halar han inn ei kveite på mest 200 kilo! Godt me hadde vinsj så me fekk ho ombord! "Me får ta oss ein tur te` by`n", seier Bessen og så er det 4 timar til Haugesund og 4 timar heimatt. Men han fekk godt betalt for kveita på Garpaskjerskaien! Mormor var litt "på tuppane" siden me kom så seint heim men ho smilte då ho fekk hundrelappane i nèven. "Ja du Johan, du Johan!" sa ho. Og gav han ein stor klem. Eg fekk ein eg, òg. Det ho irriterte seg mest over var at vatnet til krabbekokinga hadde stått så lenge og venta... Men eit av dei beste minna frå Morfar: Me låg midt i Bømlafjorden, mellom Midtviksøynå og Hammaren og dorga. "No ska` me bada!" sa Morfar. Og før eg visste ordet av det stupte han over rekka i lang, kvit underbukse og tilsvarande undertrøye. Litlekaren plaska etter utan ein tråd (eg kan ikkje hugsa at eg lærde å symja - har eg ikkje kunna det alltid?) Og fjorden bokstaveleg talt kokte av spekkhoggarar! "Di e` ikkje farlige, di` vett meir enn oss!" sa Bessen. Symja med delfinar? Gløym det! Siste gongen eg gjorde nåke liknande var i 1980. Då hadde Bessen vore død i 8-10 år. Men eg lurer på om ikkje eit par av dei eldste spekkhoggarane kjende han? Dei vert jo ganske gamle. I alle fall vart eg motteken som ein gammal venn kvart år!

Men kor vart fisken av? Jo, den enda på diverse middagsbord. Morfar hadde mange venner på sin eigen alder som ikkje var så spreke som han og naboar hadde han òg. Så han visste kor den skulle hen. "Han har sikkert ikkje hatt helsa te` å fiska sjøl så me får gå bortom med litt fisk te di`..." Dette tok han sjølsagt ingen ting for. Naboar var naboar og venner var venner og han visste dei ville gjort det same. Og det som ikkje vart brukt av oss sjøl (me hadde fisk til middag 4 gonger i veka) eller gitt vekk med ein gong havna i "familiegrava". Det var 3-4 gammaldagse tretunner med sterk saltlake der fisk som ikkje skulle brukas der og då (me hadde jo ikkje frys) havna oppi etter å ha vorte sløgd og stelt. Og der skulle han liggja lenge i vill raseblanding! Eg veit at den eldste fisken i tunne nr.1 kunne vera 2-3 år gammal. Og STEIKE så god han var med rett stell! Elles vart fisken lagd opp til "fiskemat" (kaker, pudding og boller) av Mormor, røykt, salta og spekt. Og tørka. Og luta etter tørking. Herregud! Er det rart ein er glad i fisk?

Men, kanskje det var på tide med litt oppskrifter på den fisken me kom heim med? Først og fremst: Det er INGEN TING som slår den viktigaste fisken me har: Sei! Grå og trist å sjå til kokt, men smaksmessing er han uslåeleg. Og han tåler alt av krydder og tilsetjingar. Fròsen sei frå frysedisken? Heilt topp! Skal du ha han kvit og fin til fiskekaker, fiskeboller eller fiskepudding? Tilsett 1/4 torsk eller hyse.

MORMOR SIN FISKEDEIG

4 kilo seifilet, 1 kilo torsk eller hysefilet. (Får du ikkje tak i fersk så bruk fròsen. Fjern skinn og bein og skjer det i passe bitar. Legg det i bolla til hurtigmiksaren (kjøtkvern, blender osb. Brukar du kjøtkvern bør du kjøra det to gonger.) og tilsett 3 spiseskjeier potetmjøl, 1/2 spiseskjei salt, 1 teskjei pepar og ei stor teskjei malen muskat. Smak deg fram med kryddene, det er ikkje farleg med rå fiskedeig - jfr. Sushi. Ha gjerne eit heilt egg eller to oppi. Treng du meir fuktighet for å få skikkeleg deig av det så brukar du fløyte. Men den skal vera litt fast! Hadde eg sagt dette mens Mormor levde hadde ho rève øyrene av meg men du kan godt ha oppi litt graslauk eller finhakka vårlauk. Eller akkurat det du vil av urter og krydder. Men: VIKTIG!!! Steik det som skal steikas anten i smør eller olivenolje. Margarin er det totalforbod mot! Til fiskekaker kan du godt køyra farsen litt grov. Skal du bruka same farsen til boller eller pudding så køyrer du han heilt fin. Vanskeleg? Nei, ikkje i det heile. Bare litt arbeid så det tek nok ei times tid skal du gjera alt frå botnen av. Steikte fiskekaker formar du på steikepanna og steiker dei anten heilt gjennom eller sånn passeleg om dei skal trekkja i saus etterpå. Fiskeboller formar du med ei spiseskjei i ei hand du dyppar i kaldt vatn mellom kvar og kokar dei ferdige i fiskekraft (gjerne terningar). Fiskepudding? Kle ei brødform med bakepapir eller smør ho med fett og sett ho oppi ei ovnspanne med kokande vatn på 200 grader i steikomnen til du har brun skorpe på toppen. Prøv med ein pinne om den er steikt inni; heng det nåke på pinnen er den ikkje ferdig og må steikjast litt til. Legg aluminiumsfolie over forma om skorpa vert for mørk.

Og det var litt fisk. Kjem heilt sikkert meir. Eg skal lova deg mange gode oppskrifter frå gammalt av her sjøl om det kanskje ikkje kjem kvar dag. Og ikkje bare gamle. Etter 40 år framføre komfyren har ein litt på lur. Så følg med! (Og spre det gjerne om du føler for det!. :) )

Kos deg i alle høve! :)

Jahn

 

 

 

Ønsker du å kommentere dette kan du gjøre det HER LINKEN